Film

FILM: SABRINA, BILLY WILDER 1954

Sabrina. Regi: Billy Wilder, Billy Wilder, 1954. Manus: Billy Wilder, Samuel Taylor og Ernest Lehmann. Foto: Charles B. Lang. Musikk: Frederick Hollander. Medv: Audrey Hepburn, Humphrey Bogart, William Holden, Walter Hampden m.fl. Engelsk tale, norske undertekster. 35mm, s/kv, 1 t 53 min.

Sabrina er ei romantisk komedie og ein moderne versjon av Askepott. Eventyrbindinga vert klargjort frå starten av då ei stemme set i gang filmen med: "Det var ein gong..." Så tek Sabrina si eiga stemme over, og me ser ho sitja der i treet medan ho lengtande ser inn på selskapet i herskapshuset ved sida av. Ho fortel med si mjuke stemme korleis ho, sjåførdottera, er håplaust forelska i ein av sønene i familien faren er tilsett hjå. Frå å ikkje bli lagt merke til, endrar situasjonen seg likevel noko då ho eit par år eldre kjem attende frå internatskule i Paris og har lært å både te og kle seg.

Det er ikkje til å undrast over at sjåførdottera vekkjer oppsikt ved heimkomsten, for kleda som Audrey Hepburn her ber var skapt av ein ung, framadstormande, fransk klesdesigner med namn Hubert de Givenchy. Det var likevel Edith Head som fekk Oscar for kostymedesign for filmen, noko som i ettertid har synt seg kontroversielt, sett i lys av de Givenchys seinare suksess. Grunnen til at Head fekk æra var at alle kostymene vart laga i hennar systove, og difor var det ho som vart kreditert som kostymedesignar i filmen. Bileta av Sabrina iført den svarte kjolen med det enkle, elegante snittet er framleis dagligdags kost i motemagasin verda over. Denne bruken av moderne, fransk klesdesign vart også ein milepæl i kostymebruk i Hollywood, og starta ei bylgje som ennå ikkje har stilna.

Øystein Steine Larsen

 

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.