Film

FILM: BRØD OG ROSER, KEN LOACH

Bread and Roses. Regi: Ken Loach, Storbritannia, 2000. Manus: Paul Laverty. Foto: Barry Ackroyd. Musikk: George Fenton. Medv: Adrien Brody, Pilar Padilla, Elpidia Carrilo, Jack McGee, Lillian Hurst, Monica Rivas m.fl. Engelsk tale, norske undertekster. 35mm, farger, 2 t 9 min.

Er dette noko så sjeldan som ein feelgood-film om retten til å fagorganisere seg?

Sam (Adrien Brody) går frå dør til dør i LA for å få underbetalte reinhaldarar til å organisere seg i fagforeininga. På ein av rundane møter han Maya (Pilar Padilla). Ho har kome ulovleg over grensa frå Mexico og jobbar for luseløn utan rettar. Snart står Maya først i rekka blant dei som kjempar for å betre situasjonen sin. Men der aktivisme er eit livsstilsval for Sam, trygt planta som han er i den velmeinande middelklassa, står det mykje meir på spel i livet til Maya. Legg til klønete kjærleik i demonstrasjonsrus mellom dei to protagonistane, så får du eit politisk drama med menneskeleg gnist.

Med smittande entusiasme, varme og energi er Brød og roser ein høgst sjåverdig film, og ein spiker i kista for førestillinga om at politikk er kjedeleg.

FILMEN ER VALGT AV ÅSNE HAGEN: Etter arbeidstid skriv eg tekstar, fotograferer og lagar ei fanzine som heiter Konstruksjon. Eg har slite stolar på Cinemateket frå tid til annan så lenge eg har budd i Bergen, men tenkjer før kvar sesong at eg skal få meg ei vane med å gå der meir. Det eg ønskjer meg av ein film er ofte at den har ein tydeleg estetikk og gjerne politisk kraft, noko som kan hende viser igjen på nominasjonslista mi.

Vises torsdag 4. august kl. 18:00 og søndag 7 august kl. 20:00.



Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.