Konsert

NATTJAZZ: TORTOISE + GORAN KAJFES + DIGITAL PRIMITIVES + JERRY BERGONZI NORWEGIAN QUARTET + CORTEX + MOE

CORTEX

THOMAS JOHANSSON trompet / KRISTOFFER ALBERTS saksofon / OLA HØYER bass / GARD NILSSEN trommer

Cortex er ein ung, energisk kvartett grunnlagd av Thomas Johansson i 2007, med originale komposisjonar, vekt på dynamikk, groove, interaksjon og sjangermiks. Bandet speler beintøff jazz med frie rammer, men med solide melodiske og rytmiske element, og musikarane deler ein felles musikalsk plattform i amerikansk avantgardejazz frå 60- og 70-talet - Don Cherry er eit referansepunkt. Cortex er eit brennheitt kollektiv med usedvanlege solistar anten dei speler i eit vanvitig tempo eller tar dynamikken heilt ned i det sarte og vare.

http://www.myspace.com/cortexmusikk

.......................

MOE

GURO SKUMSNES MOE elbass, vokal / HÅVARD SKASET gitar / SVEINAR HOFF trommer / OKKYUNG LEE cello

Frå utsida vert MOE si musikalske verd opplevd som ein energiutladning av kompromisslause riff, repetitiv vokal og overausande trommer. Frå innsida grev MOE djupt for å finna parallelle verklegheiter mellom improvisasjon og rock. Bandet fokuserar på å leia energien gjennom korte, intense låter som pressar ytterkantane av rock, impro, punk og blues. I tillegg til musikarane si bråkete fortid frå band som Art Directors og Cadillac, hentar MOE inspirasjon frå mellom anna DNA, Evangelista og Patti Smith. Ekslusiv gjest på Nattjazz er cellisten Okkyung Lee, kjend frå mellom anna Laurie Anderson og John Zorn sine band.

http://www.myspace.com/gurosmoe

.........................

TORTOISE
- sjangerschizofren grunnpilar i avant garde-rocken.
Chicago-baserte Tortoise er eit av musikkollektiva med størst innverknad i USA. Bandet gjenskapte amerikansk alternativ rock på 1990-tallet, og har vore ein sentral drivkraft på den amerikanske postrockscena i over 15 år. Bandet revolusjonerte indierocken med å overkøyra den velprøvde punkinspirasjonen, og heller fusjonera dei fleste musikalske sjangerane frå siste 20 år; krautrock og dub, avantgarde-jazz og klassisk minimalisme, ambient og elektronica. På scena lagar dei heile tida leikne lydlandskap, der harmoniske gitarstemningar fort slår over til aggressiv jazz - heile tida utfordrande og heile tida tilfredsstillande. Då Tortoise spelte på Oslo Jazzfestival i 2002, tok Aftenposten fram terningkast 6.

http://www.myspace.com/tortoise

....................

DIGITAL PRIMITIVES - frijazzbluesfunk med afrikanske røtter.

COOPER-MOORE handbygde instrument, diddley bow, banjo, munnboge, fløyte, trommer / ASSIF TSAHAR - tenorsax, bassklarinett / CHAD TAYLOR - trommer, kalimba

Dersom du blandar bluesete og groovy funk med frijazz og tilset afrikansk perkusjon, så har du ein idé om kva Digital primitives handlar om. Cooper-Moore er nok den mest kjende i bandet, men alle involverte har lange biografiar. Cooper-Moore er ein gudebenåda pianist, men har dei siste åra konsentrert seg om rare, heimelaga instrument og uvanlege musikkinstrument, slik som til dømes munnboge. Treblåsar Tsahar har jobba med mellom anna William Parker, medan Chad Taylor har vore ein viktig del av jazzmiljøet i både Chicago og New York i over tjue år, med tallause plateinnspelingar bak seg.

http://www.myspace.com/digitalprimitives

....................

JERRY BERGONZI NORWEGIAN QUARTET -swingande jazz frå saksofonistane sin saksofonist
JERRY BERGONZI saksofon / DAG ARNESEN piano / SIGURD ULVESETH bass / FRANK JAKOBSEN trommer
 
Jerry Bergonzi vert rekna som ein av dei framste tenorsaksofonistar i dagens jazz. I tillegg til å vera ein fantastisk virtuos musikar, er han også forfatter av en rekke bøker i faget, samt ein meget habil komponist. Merittlista er særleg lang, og han har spelt med dei fleste toppmusikarar, frå Dave Brubeck og Gil Evans til Jack DeJohnette og Steve Swallow for å nevne nokre få. Då den no avlidne Michael Brecker blei spurd om korleis det var å vera den leiande tenorist i verden svarte han: ”Veit ikkje, spør Jerry Bergonzi”. Trioen Arnesen, Ulveseth og Jakobsen har fleire gonger tidlegare vore på turne med Bergonzi, og samarbeidet har vore særs vellukka. Musikken er i hovudsak originaler av Bergonzi og Arnesen av det swingende slaget.
 
http://www.jerrybergonzi.com/
http://www.myspace.com/jerrybergonziquartet

....................

Se også www.nattjazz.no for arrangementsinformasjon og billettpriser.
Kontakt Nattjazz for eventuelle spørsmål om arrangementet.


Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.