Konsert

NATTJAZZ: STEINAR RAKNES' TANGOS, BALLADS AND MORE + UKANDANZ + MAGNUS BROO + YURI HONING WIRED PARADISE + CHILI VANILLA

UKANDANZ

ASNAKE GUEBREYES vokal / FREDERIC ESCOFFIER tangenter / GUILHEM MEIER trommer / LIONEL MARTIN saksofon / DAMIEN CLUZEL gitar

Mellom ethiogroove og moderne musikk kjem musikkhybriden Ukandanz med intense, kraftfulle og lyriske låter, samansatt av energien frå rock, improvisasjon frå jazz og ei etiopisk sjel. Asnake Guebreyes kjem frå den eksplosive musikkscena i Addis Abeba der han har jobba med tradisjonelle vokal- og trommestiler. Han er med på samleplata Ethiopiques vol.18, og kan også høyrast i samarbeid med Han Bennik. Musikarane møtest med eit ønske og vilje til å kryssa musikalske grenser, samstundes som dei opprettheldt sin eigen musikalske identitet.

http://www.myspace.com/ukandanz

......................

YURI HONING WIRED PARADISE

YURI HONING saksofon / FRANK MÖBUS gitar / STEFAN VAN ES gitar / MARK HAANSTRA bass / JOOST LIJBAART slagverk

Yuri Honing er den viktigaste saksofonisten i Nederland, og har spelt med mellom anna Pat Metheny og Charlie Haden. Sidan 2006 har det elektriske bandet hans turnert verda rundt med ein spektakulær miks av rock og jazz, der saksofonen ofte får vokale kvalitetar, både i eigne komposisjonar, og når dei speler David Bowie og Bjørk. Sjølv om det er vakker og melodisk musikk, er det på ingen måte smooth jazz, snarare vågalt og eventyrleg. " It's breath-taking how beautiful some bands can sound" (Volkskrant).

http://www.yurihoning.com/
http://www.myspace.com/wiredparadise

..........................


MAGNUS BROO

MAGNUS BROO trompet / JOE WILLIAMSON bass / TORBÖRN ZETTERBERG bass / HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer

Svenske Magnus Broo, kjend frå stjernelaget Atomic og bandet til Ken Vandermark, lener seg her på ei så uvanleg besetning som to bassar og ein trommeslagar.
Som vanleg opererer Broo i heile spekteret frå Louis Armstrong til Ornette Coleman og Don Cherry, med styggvakker tone og intens improvisasjon.
Besetninga skaper rom for Broo å laga melodiar, medan bassistane spelar med og mot kvarandre. Vår eigen Håkon Mjåset Johansen fargelegg det heile med velkjend raffinement.

http://www.myspace.com/magnusbroo

.....................

STEINAR RAKNES
sin fryktlause og eksplosive spelestil, kombinert med sødmen og sensualiteten i bossanova og tango, med påverknad frå norsk folkemusikk gjev lyttaren ei heilt spesiell oppleving. Musikken er lyrisk og dynamisk, heldt seg innanfor rolegare stemningar enn Raknes er kjent for gjennom band som The Core og Urban Connection, og bandet har eit behageleg og særeige lydbilete, inspirert frå alle verdshjørner. Ein uvanleg bandsamansetting med fiolin, barytonsaks, kontrabass og trommer er ei svært samspelt eining, og kvartetten har ein unik sound. Dette er vakker og stemningsfull musikk med referanser til Joao Gilberto, Astor Piazzolla, Stan Getz, Chick Corea og Jan Johanson.

http://www.steinarraknes.com/
http://www.myspace.com/steinarraknes

......................

CHILI VANILLA - JAZZ I SIKTE-VINNEREN!

SYNNE SANDEN vokal / STEFFEN GRANLY tuba / SIV ØYUNN KJENSTAD trommer

Bergen Jazzforum, Nattjazz og VNJS ønskjer å stimulere jazzinteressen og rekruttering blant unge musikarar og gje dei sjanse til å visa seg fram på ei etablert scene. Med "Jazz i sikte" får unge musikarar presentert seg, og vinnaren blir premiert med ein spelejobb under Nattjazz.
"Jazz i sikte" har 10-årsjubileum og har funne ein verdig vinnar i Chili Vanilla. Bandet er ein groovebasert trio som speler eigenkomponert materiale i ein krysning mellom jazz, rock og pop, musikken har eit spenn frå lavmælt og leikent, til energisk og eksplosivt.

http://www.myspace.com/chilivanillatrio





Se også www.nattjazz.no for arrangementsinformasjon og billettpriser.
Kontakt Nattjazz for eventuelle spørsmål om arrangementet.

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.