Konsert

NATTJAZZ: SALIF KEITA + AVAILABLE JELLY + WUNDERKAMMER + SCENT OF SOIL + BUSHMANS REVENGE + VOSS JAZZSKULE MED JOSHUA REDMAN

Et variert knippe musikere avslutter festivalen: de norske bandene Scent of Soil, Bushmans Revenge og Wunderkammer, nederlandske Available Jelly, elevar frå Voss Jazzskule leia av Joshua Redman (!) og afrikanske Salif Keita

SCENT OF SOIL

TORE BRUNBORG saksofon, tangenter / KIRSTI HUKE vokal / RUNE NERGAARD bass / PETTER VÅGAN gitar / GARD NILSSEN trommer

Scent of Soil var opprinneleg urframførd på Vossa Jazz i fjor og er komponert av Tore Brunborg, medan Kirsti Huke har skrive tekstar. Brunborg tykkjer det er viktig å ha noko ein likar som utgangspunkt for musikken han skriv, og denne gongen er det naturen som har inspirert han. Saksofonisten er mellom dei mest etterspurde i landet og har ein cv med eit spenn frå Masqualero til Tord Gustavsen, Billy Cobham og Manu Katche. Kirsti Huke har saman med resten av bandet lenge vore sentrale namn i norsk jazz,

http://www.torebrunborg.com/


...........................

BUSHMANS REVENGE

EVEN HERMANSEN gitar / RUNE NERGAARD bass / GARD NILSSEN trommer

Denne unge og ekstremt dyktige trioen heldt fram med å blanda energien frå rock med fridomen i jazz på spanande og opplivande måter. Jazzwise har omtala dei som "Insanely good" og som Jeff Beck med Elvin Jones på trommer. Det er fint mogleg å finna referanser til andre artistar i musikken deira, men umogleg å peika på andre dei faktisk liknar på. Om du likar Jimi Hendrix, King Crimson, Earth og tung, elektrisk jazz vil du uansett finna deg til rette på ein konsert med Bushman's Revenge.

http://www.myspace.com/bushmansrevenge

...........................

SALIF KEITA - den gyldne røysta frå Mali
Mali har produsert superstjerner som Mory Kante og Oumou Sangaré, men størst av dei alle er Salif Keita. Bakgrunnen er fantastisk: født inn i ein royal familie, utstøtt på grunn av albinisme og oppdaga som einsleg songar på gata i Bamako. Tidleg på 1980 talet flytta Keita til Paris og gjekk solo, men han førte vidare fusjonsmusikken han hadde utvikla.

I 1987 spela Keita inn "Soro", det kommersielle gjennombrotet som vann tilhøyrarar over heile verda. Det britiske magasinet Songlines kåra denne innspelinga til den beste verdsmusikkplata gjennom tidene. For ein heil generasjon av lyttarar var "Soro" framfor noko anna, det albumet som introduserte dei for verdsmusikk.

Med base i Paris har han mellom anna samarbeida med Wayne Shorter og Carlos Santana. Gullstrupen frå Mali kombinerer afrikanske element med soul, og få andre har klart å formidle afrika si smerte og stoltheit med slik eleganse og truverde.

http://www.myspace.com/salifkeitamusic

....................

AVAILABLE JELLY -Expect the unexpected - etnosentrisk acidpolka med eit hint av James Brown
MICHAEL MOORE saks, klarinett / WOLTER WIERBOS trombone / ERIC BOEREN trompet / MICHAEL VATCHER slagverk / ERNST GLERUM bass / TOBIAS DELIUS saksofon

Nederland har ein lang tradisjon med å fostra rare jazzorkester. Willem Breuker Kollektief har fått ein verdig arvtakar i Available Jelly, der humor, teater, og musikalitet smeltar saman, og med musikarar med så mange referanser at dei ofte ikkje aner kva retning musikken skal ta i neste låt. Derfor kan det vel så gjerne enda opp med Rolling Stones som Duke Ellington som noko heilt fritt. Available Jelly er påverka av alt frå New Orleans-jazz via moderne komposisjonsteknikkar, etnisk musikk, både frå Balkan og Madagaskar, til populærmusikk som Cole Porter og Beach Boys. På nær telepatisk vis syr dei det heile saman, medan galskapen lurer like under overflata.

http://www.myspace.com/availablejelly

....................

WUNDERKAMMER

PÅL JACKMAN gitar, vokal / PER ZANUSSI bass / BØRGE FJORDHEIM trommer / JOHAN EGDETVEIT trekkspel

Når Wunderkammer kjører i gong sigøynersirkusrock er det ikkje vanskeleg å forstå kor Kaizers Orchestra lærte å spele ompa. Bandet oppsto i Haugesund og var pionerar i balkansjangeren i norsk musikk, hand i hand med klezmer, rock og jazz. Repertoaret sprer seg frå eigenkomponert musikk med tekstar av Goethe og Poe, til "Can't help it" av Marlene Dietrich. Ti år etter dei ga seg har dei eit mytologisk rykte i norsk musikkliv, ikkje minst som konsertband. "For Wunderkammer er høyst sannsynlig Norges beste konsertband; når Pål Jackman & co inntar scenen med sitt sinnssvake energinivå, har jeg ennå tilgode å møte noen som ikke lar seg sjarmere i senk." (Groove.no)

.............................

VOSS JAZZSKULE OG JOSHUA REDMAN

Voss Jazzskule vart etablert i 2007, med det formål å motivera musikkelevar i lokalmiljøet i og kring Voss til å verkeleggjera sitt potensiale for musikalsk kommunikasjon. Dette vert hovudsakleg oppnådd gjennom å utvikla utmerka musikkutøvarar, inspirert av ulike jazzstilartar. Karismatiske Joshua Redman er ein av verdas leiande saksofonistar, og har mellom anna jobba saman med Pat Metheny og Charlie Haden, forutan haugevis med eigne prosjekt. Denne gongen er det vi og Voss Jazzskule som får nyta godt av giganten.


Se også www.nattjazz.no for arrangementsinformasjon og billettpriser.
Kontakt Nattjazz for eventuelle spørsmål om arrangementet.




 

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.