Konsert

NATTJAZZ: BRAZZ BROTHERS MED POVL DISSING OG BENNY ANDERSEN + KYLE EASTWOOD + TEAM HEGDAL + ULTRALYD + BERGEN UNGDOMSSTORBAND MED JERRY BERGONZI

THE BRAZZ BROTHERS MED POVL DISSING OG BENNY ANDERSEN
"Dans med Rosalina" - norske brassere med danske legender

.

Ensemblet turnerte saman i Danmark første gong i 2003. Frå første dag vart det ein kjempesuksess og dei har spelt for fulle hus sidan.Konserten er tileigna Benny Andersen si avdøde hustru med mellomnamnet Rosalina. Utgangspunktet er Andersen sine dikt til Rosalina, som er blant den danske litteratur- og songskatt sine smukkaste kjærleikserklæringar. Dei blir songe med Povl Dissing sin særlege varme, inderleggjering og humor, tett flankert av Benny Andersen sine kåseri, opplesingar og pianospel med djubde, alvor og nærleik. Alt dette medan messingblåsarensemblet The Brazz Brothers leikar, hopper, fryder og sjarmerer seg gjennom konserten med Danmark sin mest folkekjære og hjartenære duo.


....................

KYLE EASTWOOD
Kyle må vera den einaste musikaren i verda som har fått bassundervisning av Clint Eastwood. Som eldste son av den profilerte og svært jazzinteresserte skodespelaren vaks han opp i ein heim der det alltid vart spelt musikk. Ikkje overraskande starta Kyle Eastewood med å studera film, men innsåg raskt at kjærleiken til jazzen vart for stor. Talentet er upåklageleg, svært mange har høyrd musikken hans som filmkomponist i “Million dollar baby,” “Gran Torino” og “Flags of our fathers,” og med kritikarroste plater står han stødig på eigne bein i ein melodisk jazztradisjon. Med ein myriade av moglegheiter for å uttrykkje seg estetisk har Eastwood gått sin eigen veg og framstår som ein musikar med vakker og rik tone.

....................

TEAM HEGDAL

EIRIK HEGDAL saksofoner / GARD NILSSEN trommer / RUNE NERGAARD bass / ANDRE ROLIGHETEN saksofon

Satt saman av fire framifrå musikarar, er Team Hegdal originalt og kreativt, gnistrande og swingande. Musikken er i hovudsak skrive av Eirik Hegdal og er inspirert av Ornette Coleman og Olivier Messiaen sitt musikalske univers. Bandet har bakgrunn frå mellom anna Albatrosh, Puma, Trondheim Jazzorkester og Lord Kelvin. Adresseavisa ga terningkast 5 og skreiv: " Team Hegdal er en tøf, samspilt kvartett som viser den mest utadvendte siden ved Hegdals musikalske personlighet."

http://www.myspace.com/teamhegdal

...........................

ULTRALYD

KJETIL MØSTER saksofon ANDERS HANA gitar KJETIL D BRANDSDAL bass MORTEN J OLSEN trommer

Bandet opererer i eit lydlandskap mellom skitten, futuristisk dronemetall og samtidsmusikk. Ultralyd var i fødselen eit reint improvisasjonskollektiv, men har etterkvart funne plass til komposisjonar, og innimellom dansbar musikk med rastlause trommer og tung monsterbass. Med medlemane Anders Hana og Morten Olsen frå duoen MoHa!, Kjetil Brandsdal frå Noxagt og Kjetil Møster frå Datarock, The Core og Zanussi 5, er dette eit band som har lang erfaring frå rock, improvisasjon og smadring av sjangeromgrep. Ein elegant og dyster kombinasjon av doomrock, friimpro og klassisk elektroakustisk musikk med trøkk og tyngde!

www.myspace.com/ultralydh

............................

 

Se også www.nattjazz.no for arrangementsinformasjon og billettpriser.
Kontakt Nattjazz for eventuelle spørsmål om arrangementet.


Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.