Konsert

NATTJAZZ: BERNHOFT + BERGEN BIG BAND MED GJESTER + VOJTECH PROCHAZKA TRIO + KOENIGSBERG + CAKEWALK + MACHINE BIRDS + YOUR HEADLIGHTS ARE ON

BERNHOFT

JARLE BERNHOFT vokal, gitar, tangenter, live sampling
 
Sjangersjonglør, multiinstrumentalist og noregs beste soulstemme. Tid om anna dukkar det opp heilt unike talent i norsk musikkliv. Artistar som har nådegåver få andre forunt, og som klarar å formidla eit bodskap som treff rett i hjarterota. Jarle Bernhoft er eit slikt talent. Den tidlegare vokalisten i rockebandet SPAN er etablert som ein soloartist der Sly & The Family Stone, funk og soul inspirerer musikken, og hjarte og hjerne inspirerer tekstane. I februar spelte han ein fantastisk konsert for eit utseld Sardinen, og mange måtte gå skuffa heim utan billett. No er sjansen her igjen!

http://www.myspace.com/jarlebernhoft

........................

CAKEWALK

ØYSTEIN SKAR keyboards / STEFAN MEIDELL gitar, bass / IVAR LOE BJØRNSTAD trommer

Med synther og cymbaler, strenger og effektboksar improviserar Cakewalk
innanfor intense og suggererande droner og riff, med referansepunkter som
strekker seg frå 70-tals krautrock til dagens elektroniske
lydmanipulering. Det er hektisk og energisk, og dei tre medlemmane tyner kvar idé og kvart riff til det ytterste, før dei kastar kaldt vatn på publikum med behageleg knitrande lydimprovisasjon.

.......................

VOJTECH PROCHAZKA TRIO

VOJTECH PROCHAZKA piano / ADRIAN MYHR bass / TORE SANDBAKKEN trommer

Vojtech Prochazka Trio har konstruert eit friskt og unikt lydbilete, sjølv om dei stiller med ein tradisjonell pianotrio. Med preparerte instrument skapar dei eit musikalsk landskap med komplekse lyder. Musikken er i hovudsak improvisert, men repertoaret inneheld også originale komposisjonar som plutseleg dukkar opp. Bandet bestemmer seg ikkje for kva dei skal spele før konserten, men lar musikken utfolde seg sjølv. Dei siste åra har trioen turnert over heile Europa og i 2010 slapp dei debutalbumet "Amoeba's Dance."

http://www.myspace.com/vojtechprochazka

...........................

KOENIGSBERG

OLE MORTEN VÅGAN kontrabass / FREDRIK LJUNGKVIST saksofon / RUDI MAHALL bassklarinett / AXEL DÖRNER trompet / JON FÄLT trommer

Fem av de mest interessante improvisatørene i europeisk jazz. Ole Morten Vågan mottok DnB NOR-prisen under Kongsberg Jazzfestival i 2009, og fekk høve til å setje saman ei gruppe med sine favorittmusikarar til festivalen året etter. Han valde seg fire av de mest interessante improvisatørene i europeisk jazz, og prosjektet blei så vellukka at Köenigsberg har bak seg ein solid skandinaviaturné. Ole Morten Vågan er utdanna ved Jazzlinja i Trondheim og vert rekna som ein av noregs beste og nyskapande bassistar innanfor den improviserte musikken. Ole Morten har hatt stor suksess med sitt eige band Motif og har i tillegg samarbeida med Maria Kannegaard, Jonas Kullhammar, Bugge Wesseltoft, Ola Kvernberg og haugevis med andre profilerte artistar.

http://www.myspace.com/olemortenvagan

Foto: Ole Morten Vågan, Kongsberg Jazzfestival

....................

MACHINE BIRDS

MARIA SKRANES vokal, effektar / MARTE MAALAND EBERSON tangenter, effektar

Jentene møtte kvarandre i 2006 og har sidan den gong spelt saman i ulike samanhengar. Begge studerar no på Jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen. Machine Birds er deira første duoprosjekt og her utforskar dei nytt musikalsk landskap med bruk av synth, loop og effektboksar. Bandet speler eksperimentell pop-musikk med innslag av elektronikk og improvisasjon. Musikken er alt frå såre melankolske melodier til fengande riff, og variasjonen mellom det enkle og det massive pregar lydbiletet. Dei blei plukka ut til å vera med på "Framtida i Norsk Jazz" våren 2010, og fikk mykje merksemd etter å ha vorte Ukas Urørt i oktober same året.

http://www.myspace.com/machinebirds

.............................

YOUR HEADLIGHTS ARE ON

INGRID HÅVIK vokal / HEIDA KARINE JOHANNESDOTTIR tuba / ANJA LAUVDAL tangentar / LARS OVE FOSSHEIM gitar / HANS HULBÆKMO trommer

Dei fem medlemmane frå bandet er alle elevar ved jazzlinja på NTNU og formidlar eit lydbilde som både er naivt og sårbart, men som også har ei merkbar tyngde og modning, med masse guts, attitude og rå nerve. Dei hentar inspirasjon frå mange ulike kjelder, det være seg Herbie Hancock og Mahavishnu Orchestra, så vel som Tom Waits og Radiohead. "Det er så man venter på at det hele brister. At en streng ryker, en tone synges falskt. At noe fundamentalt skal forandre seg. Det er kanskje dette som kalles eksplosiv musikk. Og selvsagt går ingenting galt. Konserten nærmer seg perfeksjon og jeg vil ha mer, mer, mer." (Universitas)

www.myspace.com/turnoffyourheadlights

.............................


Se også www.nattjazz.no for arrangementsinformasjon og billettpriser.
Kontakt Nattjazz for eventuelle spørsmål om arrangementet.



 

 

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.