Teater

VESTLANDSKE TEATERSENTER: NASJONAL PRØVE - TEATER MED OG FOR UNGDOM

Elleve skuespillere i alderen 13 - 17 år fra Vestlandske Teatersenters teaterskole fremfører Maria Tryti Vennerøds stykke om uromomentene inni oss og rundt oss. På Studio USF 27-29 januar.

Ein skuleklasse skal ha prøve, Nasjonal prøve. På naboskulen er det kome truslar om skulemassakre, men prøva må gå si gang for ein kvar pris. Det store uromomentet i klassen, Vidar, er tidligare utvist og flytta til naboskulen. Kan det vere han som står bak truslane?

Teksten beskriv korleis eit lite samfunn blir rive i sund av frykt. Konkret
frykt, men òg frykta for det som er annleis; det som ikkje passer inn. I løpet av stykket ser vi korleis fleire kan ha motiv for å øydelegge eit miljø som ikkje heilt har plass til enkeltindivida.
Teksten leikar med forma. Med fundament i det gjenkjennelege, bryt
historia ut av det realistisk avgrensa klasserommet.

Er det nok å fjerne uroelementa i samfunnet for å få det til å fungere, eller vil det alltid dukke opp nye? Korleis kan ein fungere i eit samfunn viss det ikkje eksisterer nokon fasit ein kan forhalde seg til, korleis kan ein då vite kva som er riktig?


VESTLANDSKE TEATERSENTER har i fleire år jobba med aktuelle tema og hatt eit tett samarbeid med organisasjonar som Redd Barna, FN-sambandet, Røde Kors og plan Norge. Vi ser at det er eit behov for ein arena der vanskelege tema blir tatt opp og diskutert, og meiner at scenen kan vere ein eigna stad for å belyse eit problem. Teater kan vere ein døropnar, gjennom teater kan ein sjå og forstå og tileigne seg kunnskap på ein heilt unik måte.

TEATER EXTRA er ei gruppe ungdom som er valgt ut ved audition blant dei mest engasjerte elevane frå Teaterskolen for barn og unge. I år deltar gruppa i det landsdekkande prosjektet DUS (den unge scenen) som arbeider for å få fram ny dramatikk for ungdom. DUS blei oppretta i 2004 for å heve nivået på ungdomsteater i Norge. DUS bestiller og utviklar sceniske tekstar skrive for ungdom, og framført av ungdom. Det vert arrangert festivalar i ti deltakande regionar, og ein nasjonal festival i Oslo for utvalte grupper.

FRAMSYNINGAR FOR SKOLAR på Studio USF, Georgernes Verft på Nordnes fredag 28. januar kl. 10:00 og 12:00. For bestilling kontakt Vestlandske Teatersenter på tlf. 55 90 47 30 eller e-post: info@teatersenter.no
Framsyninga varer i ca. 60 minutt.

De andre forestillingene er åpne for publikum.


 

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.