Film

FILM: SLAKTEREN, REGI CLAUDE CHABROL 1969

VERDENS MEST SYMPATISKE MENNESKESLAKTER

Le Boucher. Regi: Claude Chabrol, Frankrike/Italia, 1969. Manus: Claude Chabrol. Foto: Jean Rabier. Musikk: Pierre Jansen. Medv: Stéphane Audran, Jean Yanne, Roger Rudel, Mario Beccaria, William Guérault m.fl.. Fransk tale, norske undertekster. 35 mm, farger, 1 t 35 min.

Slakteren
Slakteren er primært ei vakker, men tragisk kjærleikshistorie, der me i likskap med læraren Hélène berre ynskjer å skyve i bakgrunnen den gryande vissa om at mannen ho er forelska i, slaktaren Popaul, står bak dei bestialske kvinnemorda i landsbyen. Slaktaren vert framstilt som den mest sympatiske karakteren i heile filmen - eit varmt menneske med sterke lengsler og kjensler og eit oppriktig ynskje om å fungere konstruktivt i sosiale samanhengar.

Filmspråket er enkelt og elegant, med reine bilete i duse fargar. Kamera held ein roleg avstand til hendingane, men syner samstundes ei sterk interesse for kvardagslege detaljar. Den rolege landsbystemninga vert gjenskapt med sterk presisjon, og denidylliske og vellukka fasaden slår, lik Hélène, knapt sprekker
sjølv om alle er merksame på dei dystre understraumane.

Chabrol er kjent som ein iherdig refsar av det franske småborgarskapet. Han viser fram falske og stivna konvensjonar som dei sjølve er blitt fangar av. I Slakteren trekkjer Chabrol lina endå lenger. Karakteren Popaul er ein utopi, ein idealistisk draum om det primitive menneske sine opphavlege kvalitetar - kvalitetar som det moderne menneske har mista. Sjølv om filmen på ein realistisk måte viser fram at det primitive mennesket i sin reinskorne form ikkje kan ha plass i ein borgarleg dominert kultur, er likevel grunntonen i filmen positiv: Djupast sett er menneska kjærleikssøkande individ, som berre handlar destruktivt viss dei ikkje får avløp for sin kjærleikslengsel.

Øystein Steine-Larsen/red.

På grunn av kinoloven må man være medlem av Cinemateket USF for å se filmene som vises. Medlemsskap koster kr. 90 og er å få kjøpt i billettsalget før alle visningene. Merk at medlemskortet gjelder for både Bergen filmklubb og Cinemateket USF, samt at det normalt også gjelder for de fleste andre filmklubber i Norge. Medlemskort selges og er gyldig halvårsvis; vår og høst. VÅR: i salg i perioden 1/11 - 30/4, gyldig i perioden 1/11 - 30/6. HØST: i salg i perioden 1/5 - 31/10, gyldig i perioden 1/5 - 31/12.
I billettsalget til Bergen filmklubbs forestillinger er også mulig å kjøpe et A-kort. A-kortet koster kr. 350 og gir fri adgang til alle Bergen filmklubbs visninger for et semester. A-kortet gjelder også som vanlig medlemsskap for Cinemateket USF. Med andre ord får man adgang til visningene på Cinemateket mot å betale kr. 40. Det er finnes for tiden ikke noen A-kort-ordning for Cinemateket USF.


Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.