Konsert

JAZZOUT: CRAB IS CRAP

Håkon Kornstad - saksofon / Øyvind Skarbø - trommer / Øyvind Hegg-Lunde - trommer

Crab is Crap var opprinnelig tufta på idéen om at det kanskje kunne lagast fin musikk med kun to trommesett. Resultatet blei veldig varierande; stygt, sangbart, dronete, eksperimentelt, dansbart, i det heile tatt; det meste den musikalske uttrykkspaletten har å by på.

Namnet er henta frå ein uttalelse frå ei gambisk husmor som høglytt proklamerte at krabber det var noko drit.

Bandet består av Øyvind mørk og Øyvind lys, folkeregistrerte som Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde, lettast adskilt gjennom fargen på hårmanken. Begge er kjende frå ein rekke konstellasjonar innanfor det improviserte landskapet, med utgangspunkt i at alt kan skje, og der normer og reglar vert høfleg og respektfullt oppheva.

For anledninga har vi gleda av å få med Håkon Kornstad, føregangsfigur i norsk jazz, ein musiker vi set stor pris på. Han har dei siste ti åra (minst) vist at det framleis er mogleg å vere høgst personleg og original med det klassiske jazzinstrumentet saksofon.

Konserten er gratis.












 

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.