NATTJAZZ: MULATU ASTATKE + ROY HARGROVE QUINTET + MATHIAS EICK + SIMCOCK/WALKER/SWALLOW/NUSSBAUM + JUXTAPOSED + GUNHILD SEIM & TIME JUNGLE

Mer info om program og billetter på Nattjazz' nettsted.

Program onsdag 26 mai - åpningsdagen:

Funky sjangermiks frå kongen av ethio-jazz, kl. 22:00
MULATU ASTATKE vibes/timbales/conga JAMES ARBEN flute/obo/tenorsax DANNY KEANE keyboards/cello BYRON WALLEN trumpet TOM SKINNER drums KADIALY KOUYATE kora DAVIDE MANTOVANI bass RICHARD OLATUNDE BAKER percussion

Ein av Etiopias aller fremste musikarar og opphavet til sjangeren ethio-jazz, der vestleg jazz møter tradisjonelle etiopiske melodiar. Mulalu Astatke er en sann pionér innen afrikansk musikk med ein produksjon som så til de gradar har tålt tidas tann, samstundes som han heldt seg vital og aktuell i samarbeid med Heliosentrics og Jim Jarmusch. Musikken er eit mylder av ulike inspirasjonar smelta saman; austleg mystikk fusjonerar med funk, reggae og John Coltrane; 70-tals explotationfilm-soundtracks og James Brown blandar seg med tunge latinske rytmer. Med tropiske røtter og ein berusande verknad er Mulatu Astatke ein distinkt utøvar for noko av det mest sjelfulle som nokon gong er registrert frå Mor Afrika.

http://www.myspace.com/mulatuastatke

---

En av Amerikas beste trompetister, ca. kl. 24:00.
ROY HARGROVE trompet, JUSTIN ROBINSON tenorsax, JOEL HOLMES piano, AMEEN SALEEM bass, MONTEZ COLEMAN trommer

Hargrove entra jazzen på åttitalet som ein protesjé av Wynton Marsalis, men har fleire gonger bevist at han står støtt på eigne bein, enten musikken er hardbop i eige band eller soul med Dángelo og Erykah Badu. Med ein fot i Miles Davis sitt poetiske univers og den andre i neosoul, og med Grammypris for både latinjazz frå Cuba og samarbeid med Herbie Hancock og Michael Brecker, står Hargrove fram som ein komplett instrumentalist med vakker tone og ekstrem teknikk.
 
http://www.vervemusicgroup.com/royhargrove
http://www.myspace.com/RoyHargrove

---

Verdas beste unge jazztalent, kl. 23:00
Det meste multiinstrumentalisten Mathias Eick tar i blir til gull. Anten det er jazzelektronika med Jaga Jazzist, turne med Chick Corea og Manu Katché, plateinnspeling med Turboneger og DumDum Boys eller solokarriere på ECM, så vert det heile framførd med ein ekstrem virtuositet. Som om det ikkje var nok, vart han i 2006 kåra til "verdas beste unge jazztalent" av International Jazz Festivals Organizations og International Association for Jazz Education og mottok seinare StatoilHydrostipendet på 800000 kroner. Sjølv om han er mest kjend som trompetist, handterar han også piano, bass og vibrafon når behova melder seg.

http://www.myspace.com/mathiaseick

---

Britisk jazz møter amerikanske stjerner, kl. 21:00
GWILYM SIMCOCK piano, MIKE WALKER gitar, STEVE SWALLOW bass, ADAM NUSSBAUM trommer

Dette heilt nye prosjektet fører saman to av dei finaste musikarane på den britiske musikkscena med to jazzstjerner frå USA. Saman lagar dei inspirerande og kreativ musikk med fusionelement, heile tida med ein tilgjengeleg melodisk plattform.
Gwilym Simcock har ikkje rukke å bli tretti enno, men vert tross ung alder allereie skildra som ein ny Keith Jarret. Han har mellom anna turnert med Bill Bruford og Bobby McFerrin. Steve Swallow har vore ein framifrå bassist og komponist sidan 60-talet og mellom anna Chick Corea og Stan Getz har spelt inn låtane hans. Sjølv har han turnert mykje med Carla Bley og John Scofield, forutan ei uendeleg rekkje av plater og turnear med andre.

---

Jazzninja frå jazzlinja, kl. 23:00
PETTER VÅGAN gitar, OLE MORTEN VÅGAN kontrabass, ERIK NYLANDER trommer, ATLE NYMO saksofon

Sidan starten i 2006 har Juxtaposed spelt rocka, snålfunky og melodiøs musikk som får både hjarte, hjerne og føtter til å røra på seg. Enten det er rock, pop, jazz, country eller improvisasjon så finn du alt og meir til her. Sjølv om musikarane er mest kjend for improvisert musikk er dette bandet meir fokusert på låter, stemningar og heilskap. Alle musikarane er godt etablert på den norske musikkscena, og Juxtaposed er garantert å levera ein forrykande og intens konsert.

http://www.myspace.com/juxtaposednorway

---

Gåtefullt og meiningsfullt, kl. 21:00
GUNHILD SEIM trompet, ARILD HOEM altsax, JOHN LILJA bass, DAG MAGNUS NARVESEN trommer

Time Jungle kombinerar tidlause musikalske stamceller med jungelens lov i ei underhaldande blanding av harmolodiar, folkemusikk, nittenhundretalets klassiske musikk og gamle pop-plater. Albumet Morpho frå 2009 havna på lista til ballade.no over "Årets utgivelser" og fekk svært positiv omtale i både norsk og internasjonal presse. Gunhild Seim er eit eksepsjonelt talent på trompet og eit spanande møte som instrumentalist, komponist og bandleiar med tempererte rytmer og vakker meditasjon.

http://timejungle.com/
http://www.myspace.com/timejungle


GRATIS PASS TIL ÅPNINGSDAGEN - SVAR PÅ DETTE SPØRSMÅLET: HVEM SANG OOH WAKKA DOO WAKKA DAY FOR 38 ÅR SIDEN?

SEND SVARET PÅ MAIL TIL evy@usf.no OG DU KAN BLI EN AV TO HELDIGE SOM FÅR HVER SITT PASS
!

MAILEN MÅ VÆRE I BOKSEN FØR KL. 13:00 LØRDAG 22. MAI.





Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.