Debatt

Familiedrap - æresdrap?

Familiedrap er eit vanskeleg og sårt tema. Kva er det som får familiefedre i sosialdemokratiet og likestillinga sitt utstillingsvindauge til å ta livet av sin eigen familie? Vi forbinder gjerne familiedrap med andre kulturar, men dette rammar også norske familiar. Personar, som oftast menn, utslettar heile familien og seg sjølv. Når slike drap vert begått i innvandrarmiljø er ein raskt ute med å kalle det æresdrap. Når ein kvit familiefar drep, kaller ein det ein tragedie. Sjølv om desse morda har utgjort ein stor del av drapsstatistikken, har dei så langt blitt skovne under teppet. Det har vore lite forskning på temaet familiedrap, noko som har ført til manglande kunnskap om menneska som har begått desse handlingane. Korleis virkar dei psykologiske mekanismane som får nokon til å sjå familiedrap som einaste løsing? Er det bestemte strukturar i det norske samfunnet som fører til desse handlingane, og i så høve, samvirkar desse med dei individuelle psykologiske mekanismane? Professor i psykiatri Gustav Wik har skrive boka “Mord - selvmord i nære relasjoner”, som er det første forskningsprosjektet som går i dybden på denne problematikken. Han vil i kveld sjå nærare på desse problemstillingane saman med Marte Michelet, journalist i Dagbladet. Sted: Sardinen, USF Verftet. Dato: tirsdag 23. oktober 2007 Klokkeslett: 19:15 Møteleder: Turid Vaage Innledere Gustav Wik - Professor i Psykiatri, UiB Marte Michelet - Journalist (Med atterhald)

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.