Vegbyråkratar reknar reisetid som tapt tid. Gjeld det dei reisande òg? Demokratiet leitar etter arenaer for kollektiv sjølvrefleksjon på nivået mellom individ, media og forvaltning. Druknar ferjekulturen i den effektiviserte tidsalderen? I arbeidet med tunnel og bruer mellom Stord, Bømlo og Sveio skreiv Hordaland vegkontor: ”Vegsystemet basert på ferjer har ei rekkje ulemper for trafikantane. Vegar vil bety at alle ulempene vil forsvinne”. Tru om ikkje nokre ferjekvalitetar forsvann i den uttalen? Austlandskrek som trur kong Olav på trikken er noko av det norskaste, har ikkje sett gamlekongen ta seg ein røyk og drøsa med mjølkebilsjåførar i salongen på Tau-ferja. Skulle ikkje samfunnet ha råd til dei tolv minutta meir det tek å få med seg nokre vakre vårdagar når baugen bryt blikkstille sjø? Er det ikkje ein vestlandsk identitetsmarkør å kjenna tunge fjordbølgjer bryska seg mot det fremste vindauget i øvre salong på seine haustkveldar? Erik Fossaskåret vil i kveld gjera eit djupdykk i den truga ferjekulturen, og det blir ekte ferjestemning med sveler i baren. Spesielt interesserte kan òg kjøpa trendriktige ferjetrøyer. Tid og sted Sted: Sardinen, USF Verftet. Dato: tirsdag 16. oktober 2007 Klokkeslett: 19:15 Møteleder: Øyvind Moss-Iversen Innledere: Erik Fossaskåret - Fyrsteamenuensis ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag, UiS