Film

Kika (Pedro Almodóvar, Spania, 1993)

Kika Her møter vi underlege menneske i ei vanvittig historie i Madrid. Kika - ei sminkøse med pipestemme i slutten av tredveåra gir namnet til filmen. Ho blir beden om å sminke Ramon - den døde stesonen til Nicholas - ein amerikansk forfattar. Men etter kvart som Kika legg pudder på stesonen får han farge i andletet og livnar til igjen. Ei stund seinare kjem forfattaren tilbake til Madrid, og då er Ramon og Kika sambuarar og Nicholas får bu i huset deira. No blir det sjølvsagt forviklingar. Kika og Nicholas er elskarar, men Kika er slett ikkje den einaste som er på besøk hos Nicholas. Ei anna sentral rolle i filmen spelast av Victoria Abril. Ho er råtøff programleiar for eit tv-program for makabre nyhende, og ho skyr ingenting for å få tak i dei mest grufulle sakene. Ho køyrer omkring i eit fantastisk kostyme med kamera på hjelmen. Den fantastiske dama med nasa (Rossy de Palma) er sjølvsagt også med i denne filmen som så mange andre av Almodovar sine filmar. Ho er den lesbiske hushjelpa som ikkje har hatt sex med andre enn den tilbakeståande bror sin – og det var berre for å hindre han i å gå laus på jentene i landsbyen etter at han hadde valdtatt alle kyrne og sauene i distriktet. Broren dukkar sjølvsagt også opp i ei scene i filmen – og sjeldan har valdtekt på film vore så morosamt! Trondheim filmklubb
Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.