Debatt

Energipolitikk i Midt-Austen, Stein Tønneson leder ved PRIO

Verda sitt største lager av fossilt brennstoff ligg i Midtausten, og regionen vil vere avgjerande i den globale klimapolitikken. Global oppvarming er truleg verdas største utfordring, og dannar grunnlag for ein ny energipolitikk. Som verdas største oljekammer spelar Midtausten her ei sentral rolle. Internasjonal energipolitikk vil bli påverka av dei politiske forholda i Midtausten, der forventningar om meir ustabilitet kan føre til variasjonar i oljeprisen. Oljeleveransar frå Midtausten er avgjerande i global energipolitikk, og dei oljeproduserande statane kan nytte marknadsmekanismar for å endre den globale energipolitikken. Høgare oljepris vil gje insentiv til auka investeringar i energiøkonomisering og alternativ energi, men vil diverre gje bidrag til meir skitten kolkraft. Stabile politiske forhold i Midtausten sender oljeprisen ned. Dette gjer skittent kol mindre konkurransedyktig, og investeringar i energiøkonomisering og alternativ energi blir mindre lønsamt. Direktør ved Institutt for fredsforsking Stein Tønnesson har jobba mykje med rolla Midtausten spelar i klimapolitikken. Han er oppteken av å søkje samanhengar mellom fred, klima og energi. I kveld vil Tønneson drøfte om eller korleis marknadsmekanismane kan bidra til å stoppe klimaendringane, og kva politiske tiltak som må til. Tid og sted Sted: Sardinen, USF Verftet. Dato: onsdag 12. september 2007 Klokkeslett: 19:15 Møteleder: Øyvind Moss-Iversen Innledere: Stein Tønneson - Leiar ved Prio

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.