Film

Nói Albinoí, Dagur Kári, Island 2003

Nói Albinoí 17-åringen Nói bur i ei lita bygd på nordvestkysten av Island. Han gjer opprør ved å nekte å gå på skulen, og løyser Rubiks kube medan skulepsykologen grillar han. Nói er eit geni som ikkje gidd å bruke evnene sine fordi han ikkje ser noka meining i tilvere så lenge han bur i Bolungarvik. I staden drøymer Nói om å reise til Hawaii saman med kjærasten sin. Dette er ein humoristisk film om å ynskje seg vekk utan å lukkast. "Heng deg, og du vil angre det. Heng deg ikke, og du vil angre det også." Den lokale bokhandlaren siterer Kierkegaard for Nói, utan at det gjer særleg inntrykk på tenåringen. Det går til helsike uansett, sluttar Nói seg til, og blir berre endå meir deprimert. Dagur Kári har vore flink til å befolke filmen med småpussige karakterar. Særleg den forfylla faren til Nói ser ut til å vere henta rett ut frå ein Kaurismäki-film. Taxi-sjåførens karaokeversjon av "In the ghetto" blir ståande som eit av høgdepunkta frå denne filmen. Den sjokk-kvite snøen som innhyllar Nói, er perfekt for å skape den klaustrofobiske stemninga som Nói opplever. Ei innestengt kjensle vert vidare underbygd ved at bygda ligg klemt mellom sjøen og steile fjellsider. Nóis kjensle av å sitte fast vert nesten overtydeleg framstilt i opningsscenen når han må grave fram utgangsdøra til bestemora si, som har fullstendig forsvunne i snøfallet. Filmen er dessutan full av vakre tagningar. Scenene då Nói underheld seg med å skyte med rifle mot istappar frå ein foss, er estetisk balsam i seg sjølv. Regissør Dagur Kári vart uteksaminert frå den nasjonale filmskulen i Danmark i 1999, og gjer med Nói Albinoí sin første langfilm. I tillegg til å regissere, har Dagur Kári skrive manus, og spelar endåtil i bandet Slowblow, som står for lydsporet i filmen. Filmen fekk ei rekkje prisar på ulike filmfestivalar då den kom ut, og Dagur Kári vann til dømes prisen "New Director's Award" på filmfestivalen i Edinbourgh, og fekk elles prisar i Rotterdam og Gøteborg. Også skodespelar Tomas Lemarquis hausta prisar for si rolletolkning av Nói. Nói Albinoí er ein film som lett kan samanliknast med Ghost World (2000) eller Donnie Darko (2001). Stikkordet er tenåringar som ikkje kjenner seg tilpass der dei kjem frå. Filmen handlar om tenåringsproblematikk, men målgruppa avgrensar seg ikkje til nokon øvre alder.
Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.