Film

Djelveløya, Fridrik Thór Fridriksson, Island/Norge/Tyskland 1996

Djeveløya Lysa brenn enno i den falleferdige brakkelandsbyen Camp Thule på Island. Her budde 100.000 amerikanske soldatar under andre verdskrigen. Folkevandringa mellom landsbygda og Reykjavik etter krigen førte til bustadmangel, noko som forlenga Camp Thule si levetid. Fattigdomen speglar seg i kvar sølepytt. Romma er kalde og tronge, brakkeveggene skitne og falleferdige. I ei av desse brakkene bur husmora Karolina som røykar rullings og fektar med bibelen kvar gong fare er på ferde. Rundt henne spinn det seg ei familiesoge. Ikkje alle vil leva sigøynarliv, og alternativet er å flytta med ein staut soldat til Amerika. Dottera Gógó freister lukka og seinare kjem den sjølvopptekne sonen hennar, Baddi, etter. Stappfull av amerikanske kulturinntrykk og uttrykk som "Hey, girl, what are you telling" og "life is a bitch, then you marry one", kjem Baddi heim att – til glede og harme for ibuarane. Bestemor Karolina hyttar mot himmelen når ho omtaler amerikanarane: "Dei er sodomar og søppel alle saman." Det blir eit sterkt møte mellom hamburger og kvardagsfisk, amerikansk rock’n roll og islandsk brennevin. Her treff du karikaturar av hysteriske og overbeskyttande kvinner, drankarar, og berarar av kulturkollisjonen som speglar konflikten mellom det islandske og det amerikanske. Denne filmen har ikkje dei same kunstnariske ambisjonane som Cold Fever (sjå eigen omtale), og prøver ikkje å gje seg ut for å vera noko meir enn ei munter historie frå etterkrigsåra på Island. Ein lettbeint gladfilm med laus snipp er gjerne eit passande sjangerval for å skildra tida då den amerikanske popkulturen totalt køyrde over Island og brakte vikingane i rekordfart inn i moderne tid. Då Fridrik Thór Fridriksson presenterte Djeveløya under Filmfestivalen i Berlin i 1997, sa han: "This is my Birth of a Nation", og tenkte då på D.W. Griffith sin storfilm frå 1914, med sitt fokus på kulturkollisjon. Manuset til Djeveløya er bygd på to islandske bestselgarromanar, ”Djeveløya” og ”Gulløya”, som er dei to første romanane i ein trilogi av Einar Kárason. Heime på Island danka filmen ut sjølvaste Independence Day i 1996, då 40 prosent av Island sine ibuarar fann vegen til kinoane – sjølv om dei må betala dobbel billettpris for å sjå islandsk film.
Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.