Konsert

Urban Connection feat. Steve Grossman

Frode Nymo altsaksofon Steinar Raknes kontrabass Håkon Mjåset Johansen trommer. Feat: Steve Grossman tenorsaksofon Trioen Urban Connection har sitt utspring frå Jazzlinja ved Musikkonservatoriet i Trondheim. Heilt sidan dei starta å spele saman har dei hausta gode kritikkar og utmerkingar. Dei vart kåra til "Årets unge jazzmusikere" i 1998 og fekk og både publikums " og kritikarprisen ved "Templin de Jazz" " Festivalen i Avignon, Frankrike i 2000. Dei spelar urban og energisk jazz som det verkeleg svingar av. Musikken er av akustisk format, hovudsakleg 50 og 60-talls inspirert bop-musikk. Dei har gitt ut to plater; ?Urban Connection? (2001) som vann Spellemannsprisen for "Årets Jazzplate" og "Frenc Only" (2002). Trioen har etterkvart vorte van med å spele med store jazz-stjerner. Dei har spelt med både Chic Corea og Michael Brecker tidlegare. Til Bergen Jazzforum har dei med sjølvaste Steve Grossman som er ein av vår tids største jazzsaksofonistar. Han har spelt med"alle dei store" på 60 og 70-tallet. Dei seinare år har han spelt mest med eigne band, men samstundes gjort fleire nyskapande prosjekt med yngre musikarar. Urban Connection er ein av favorittane til Bergen Jazzforum, og vi gler oss spesielt til å presentere dette "stjernemøtet".
Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.