Film

Herfra til evigheten (Fred Zinnemann 1953)

Kvelden senker seg over Hawaii. Ein mann og ei kvinne, ruslande åleine på stranda. Dei kan ikkje motstå einannan lenger, kastar seg inn i eit heitt famntak. Det svimlar for dei, det er uråd å halde seg oppreist. Tett omslynga blir dei liggjande der på stranda, uaffiserte av at bylgjene etter kvart skyl inn over dei. Det einaste dei kan bry seg om er kvarandre. Denne kjærleiksscena mellom Burt Lancaster og Deborah Kerr er definitivt ei av dei mest vidgjetne som nokon gong er festa til filmrullar, og filmplakaten med dette motivet er like så velkjent. Sjølv om ein aldri har sett filmen så veit alle at akkurat det biletet er henta frå Herfra til evigheten. Kraftfull i si tid, seinare kroneksempelet på klissete romantikk på lerretet. Det har blitt ein klisjé å parodiere denne klisjéen. Men kva ein forventar seg og kva ein får er gjerne to heilt forskjellige ting, klarar du deg igjennom dei første minutta av Herfra til evigheten så endrar han seg frå det stereotype melodramaet det går fjorten av på dusinet. Han er heller ikkje noka søtsuppe, men eit gjennomarbeida filmverk på gliding vekk frå heile melodramagenren. Handlinga i Herfra til evigheten er lagt til kvelden angrepet på Pearl Harbour fann stad, men han dreier seg i mindre grad om andre verdskrigen enn det å gjeve ein diagnose av eit samfunn i endring. I sentrum av filmen står historia om meinig Pruitt som nyss har blitt overført til militærbasen på Hawaii og får problem fordi han nektar å vere med på bokseteamet. Filmen er ein kraftfull kommentar til militærlivet, fylt opp av fascinerande karakterar og forseggjorte sidehistorier. Det breie persongalleriet blir gjeve sjansen til å utvikle seg frå typiske pappfigurar til levande menneske. Styrken til filmen er evna den har til å ta på alvor mange ulike personlege historier i ein og same film og la dei omhandle kvar sine etiske problem på komplekst vis. Herfra til evigheten er på mange måtar den store birollefilmen. Nær sagt heile skodespelarteamet fekk Oscar-nominasjonar, men det var berre birolleinnehavarane Frank Sinatra og Donna Reed som vart sitjande igjen med kvar sin forgylte statuett. Filmen vant til saman åtte Oscar, inkludert beste film 1953.
Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.