Konsert

Odd Nordstoga

Endeleg kjem n'ødd til USF. Me gler oss dugeleg!

Odd Nordstoga, fødd i 1972 og oppvaksen på garden Plassen i Vinje, slo stort gjennom då han i 2004 gav ut plata Luring. No har Odd samarbeidd med brørne Ivar og David Vogt frå Real Ones, og laga ei ny plate som kom ut hausten 2015. Om den plata seier Odd sjølv: "Eg har aldri vore så nøgd med ei innspeling før, og eg brenn etter å få det ut. Brenn etter å spela det for folk. Så dette, dette kan aldri gå bra. Det må vera noko eg ikkje har tenkt på …". Med seg på scena i haust har han David Wallumrød på tangentar, Torstein Lofthus på trommer, Tor Egil Kreken på bass og Øyvind Blomstrøm på gitar. Torsdag 24. november kjem Odd og bandet til USF Verftet! Det blir stas! Det blir fabelaktig! Det er med andre ord berre å gle seg til konsert!
Odd på Facebook: https://www.facebook.com/odd.nordstoga.7

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.