Konsert

Damana

Frynsete jazz og ufornuftig åttemannsprog, sies det. Kom og hør.

KLAUS HOLM altsaksofon / FREDRIK LJUNGKVIST tenorsaksofon / EIRIK HEGDAL barytonsaksofon / HAYDEN POWELL trompet / KRISTOFFER KOMPEN trombone / ØYVIND DALE piano / ADRIAN MYHR kontrabass / DAG MAGNUS NARVESEN trommer

Musikken deira har vorte kalla «frynsete jazz» og «ufornuftig åttemannsprog.» Sjølv karakteriserer Dag Magnus Narvesen bandet sitt som si eiga musikalske leikegrind. Bandet DAMANA tok fyrst form i 2013 og musikken synte seg å krevje åtte musikarar for å kunne spelast slik han måtte spelast. Sidan dess har musikarane løfta taket på dei konsertstadane som har våga sleppe dei til, og inviterer no bergensarane til musikalsk eufori med store øyrer og breie smil. I bandet finn vi ei blanding av nye og kjende fjes – mellom anna Fredrik Ljungkvist frå Atomic og Trondheim Jazzorkester-general Eirik Hegdal.
Med seg til konserten har dei i tillegg debutplata Cornua Copiae.

 

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.