Konsert

NATTJAZZ 23. MAI

STIAN WESTERHUS & PALE HORSES + STIAN CARSTENSEN FLIPP + SVEIN OLAV HERSTAD TRIO + SOLVEIG SLETTAHJELL SLOW MOTION ORCHESTRA + DANIEL FRANCK KVARTETT+ LENA NYMARK

STIAN WESTERHUS & PALE HORSES
Hendrix møter Ligeti til fribryting… Nyskapande strekkjer liksom ikkje heilt til når ein skal beskriva Stian Westerhus og musikken han skapar. Han er like heime i metallduoen Monolithic som i Spellemann-vinnande samspel med Sidsel Endresen. Eller lydskulptør med Nils Petter Molvær, komponist for Trondheim Jazzorkester og impro i Puma, for ikkje å snakka om hypnotiske solokonsertar. Med ny trio tar han eit nytt steg i å skapa banebrytande musikk, og kanskje det næraste Stian Westerhus kjem eit popband. Dette blir rått! 
STIAN WESTERHUS gitar, vokal / ØYSTEIN MOEN tangentar /ERLAND DAHLEN trommer

STIAN CARSTENSENS FLIPP
På Vossajazz var dette tingingsverket ein kjempesuksess og havna på ‘25 beste konsertar i 2013’-lista til All About Jazz-redaktøren. Multiinstrumentalisten frå Farmers Market tar eit steg vekk i frå jazzen og utfordrar seg sjølv med ein litt anna besetning enn normalt. Litt meir basert på klassisk europeisk tradisjon, litt mindre amerikansk jazz, men med austeuropeiske rytmar i botn. Og sjølvsagt hysterisk morosamt. Ver budd på uvøren spagettiwestern-gitar og harpeklang med truga taktartar.
STIAN CARSTENSEN trekkspel, gitar, fløyte, banjo, vokal det aller meste / JARLE VESPESTAD trommer / FINN GUTTORMSEN bass / TORBJØRN DYRUD tangentar / SIDSEL WALSTAD harpe / OLA KVERNBERG fiolin / FRODE LARSEN fiolin / MATS RONDIN cello

SVEIN OLAV HERSTAD TRIO
Svein Olav Herstad har i ei årrekkje samarbeida med forskjellige artistar innanfor jazzmiljøet etter uteksaminering ved jazzlinja i Trondheim, men har innimellom tatt seg tid til å dyrka si hovudinteresse med standard triobesetning, noko som blant anna har resultert i fleire plater. Svein Olav Herstad har de siste åra markert seg som en musikar med stort talent. Pianospelet hans er noko av det mest lyriske vi har, samstundes para med ein råskap som skapar en sterk kontrast.
SVEIN OLAV HERSTAD piano / MAGNE THORMODSÆTER bass / HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer

SOLVEIG SLETTAHJELL SLOW MOTION ORCHESTRA
Solveig Slettahjell har alltid sunge. Ho er utdanna jazzsongar, men oppveksten sitt nære forhold til kyrkjemusikken, både norske salmer og amerikanske spirituals, er framleis veldig til stades i uttrykket hennar. Ein kan også spora tydelege referanser til den amerikanske singer/songwritertradisjonen, og ho gjer musikken til så forskjellige uttrykk som Tom Waits og ABBA til sitt eige. Gjennom ei rekkje innspelingar med Slow Motion Orchestra har ho lenge markert seg som ikkje berre ei av landets mest eigenarta og utrykksfulle songarar, men også ein av dei mestselgjande norske jazzmusikarane både i Noreg og utlandet.
SOLVEIG SLETTAHJELL vokal / SJUR MILJETEIG trompet / MORTEN QVENILD tangentar / EVEN H HERMANSEN gitar / JO BERGER MYHRE bass, baritongitar / PER ODDVAR JOHANSEN trommer

LENA NYMARK
Multinstrumentalisten og Dinosau-vokalisten debuterer som soloartist og har sleppefest på Nattjazz! Gjennom åra har ho medvirka til at Dinosau, Hanne Hukkelberg og isprosjektet til Terje Isungset har låte fantastisk, no er det hennar eigen tur. Pop, jazz, indie og bluesrock. Nær og varm røyst og tekst. Bak seg har ho Andreas Ulvo (Eple Trio, Solveig Slettahjell, Jarle Bernhoft), Ellen Wang frå Pixel og Stig Rennestraum frå Dinosau. Personleg og inspirerande musikk som skil seg ut frå andre band du høyrer i dag.
LENA NYMARK vokal, diverse /ANDREAS ULVO tangentar / ELLEN ANDREA WANG bass / STIG HARALD RENNESTRAUM trommer

DANIEL FRANCK KVARTETT
Svenske Daniel Franck har hatt København som base i snart tjue år og har undervegs blitt den mest etterspurde bassisten i Danmark. Håkon Mjåset Johansen har vi sett ofte i Bergen, mellom anna med Come Shine, Urban Connection, Motif og Trondheim Jazzorkester. Knut Riisnæs er veteranen med tone og spel som kan forvekslast med John Coltrande, medan Jacob Christoffersen ­ som vann Ben Websterprisen i 2013 ­ tar med seg speleglede frå både Shu-bi-dua, eigen trio og samarbeid med Sinne Eeg.
DANIEL FRANCK bass / KNUT RIISNÆS saksofon / HÅKON M JOHANSEN trommer / JACOB CHRISTOFFERSEN tangenter/

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.