Film

FILM: CAT ON A HOT TIN ROOF - MED ELIZABETH TAYLOR, PAUL NEWMAN M.FL.

Tennessee Williams' skuespill i hollywoodsk innpakning med filmstjerner i særklasse.

Cat on a Hot Tin Roof. Regi: Richard Brooks, USA, 1958. Manus: Richard Brooks, etter eit skodespel av Tennessee Williams. Foto: William Daniels. Medv: Elizabeth Taylor, Paul Newman, Burl Ives, Madeleine Sherwood, Jack Carson m.fl. Engelsk tale, norske undertekster. 35mm, fargar, 1 t 48 min.

Katt på hett blikktak er basert på Tennessee Williams sitt prisvinnande skodespel om ein familie fengsla av fortida, ein familie som blir øydelagt av attrå, grådigheit og svartsjuke. Det er fødselsdagsfeiring for den kreftsjuke plantasjeeigaren Big Daddy, og familien er samla som gribbar rundt den døyande i håp om å arve ein del av formua. Favorittsonen Brick, ei fordrukken eks-fotballstjerne med ekteskapsproblem, er derimot ikkje interessert i verken faren eller pengane.

I filmversjonen frå 1958 er "Cat on a Hot Tin Roof" blitt til eit tidstypisk melodrama. At dei personlege problema til Brick kunne ha noko med ei homofil legning å gjere, vart kraftig tona ned og erstatta med ei tydlegare vektlegging på Brick si frykt for å gje slepp på den ansvarslause ungdomstida. At den lukkelege slutten på filmen skurrar i høve til straumen i resten av filmen er heller ikkje til å undre seg over. Sjølv om kontroversielle passasjar er pakka inn i bomull, ligg dei der under overflata ein stad og gjer at filmen stundom arbeider mot sin eksplisitte ideologi.

Trass i inngrep i stykket som gjorde at Tennessee Williams sjølv hadde vanskar med å setje pris på filmadapsjonen, så er og blir Katt på hett blikktak ein svært god film. Størstedelen av dialogen er bevart: briljant og vemodig slik berre Tennesse Williams kunne skrive den. Vidare er Paul Newman og Elisabeth Taylor begge på sitt mest karismatiske. Å få sjå desse to filmikona utfalde seg på stort lerret opplyst av technicolorifiserte fargar er ein bonus som på ingen måte må undervurderast.

red.

Billetter selges ved inngangen.
Kr 80 ordinær
Kr 40 medlem
Kr 100 medlemsskap


Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.