Film

Alt om min mor (Pedro Almodóvar, Spania, 1999)

Alt om min mor Utgangspunktet for Alt om min mor er 17-åringen som slit med at mora aldri vil fortelje han kven den påståtte døde faren hans var. Då guten vert drepen i ei trafikkulykke, reiser mora for å leite opp barnefaren. Jakta fører ho tilbake til Barcelona, der ho umiddelbart oppsøker det transseksuelle miljøet og byrjar å spørje etter Lola, namnet faren no ber. "Ekte autensitet består ikkje av å vere den ein er, men å lykkast i å likne mest mogleg på draumen me har om oss sjølve," kommenterer transvestitten Algrado i ein replikk som oppsummerer Almodóvar si særeigne tilnærming til både filmen og livet i Alt om min mor. I filmen blandar Almodóvar draum og røyndom, kunst og kvardag på ein slik måte at dei til sist blir uskiljelege. Hovudpersonane dyrkar stykke som Tennessee Williams’ "En sporvogn til begjær" og filmen Alt om Eva (1950), og ikkje minst kvinneskikkelsane i desse. Tilbedinga er av ein slik grad at det tydeleg påverkar vala deira. Alt om min mor er både ein rørande og morosam hyllest til kvinner generelt, og mødre og melodramaets dronning Bette Davis spesielt. Almodóvar sjølv seier i ei noko provokativ utsegn at eit hovudtema i filmen er kvinner sine evner til å førestille seg, improvisere og lyge. Dette er likevel ikkje særleg negativt meint, snarare peikar han på at slike usanne konstruksjonar ofte kan vere nødvendige sjølv om dei stundom treng å naustast opp igjen. Øystein Steine Larsen/red.
Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.