Film

Universets Engler, Fridrik Thór Fridrikson, Island 2000

Universets engler Universets engler er nok eit resultat av samarbeidet mellom Fridrik Thór Fridrikson og Einar Már Gudmundson. Islands fremste samtidsforfattar og landets leiande regissør gjer med dette sin andre film saman. Einar Már leverte også det litterære forlegget til Kinodager (1994). Forfattaren fekk Nordisk råds litteraturpris for "Universets engler" då boka kom ut i 1995. I filmen følgjer vi Páll. Páll er ung islending av den kjenslevare sorten. I byrjinga av filmen bur han hjå foreldra sine, kallar seg kunstnar, og har ikkje påfallande god kontroll på livet sitt. Utforbakken byrjar då han blir dumpa av den store kjærleiken sin: ei rik overklassejente. Páll stengjer omverda ute, og vert ute av stand til å møte kvardagen. Han ender på Reykjaviks eigen Sandviken psykiatriske, Kleppur, innskriven med diagnosen schizofreni. På Kleppur får Páll to nye venner. Den eine trur han er Hitler, den andre skriv songane til Beatles og sender dei telepatisk over til billene. Relativt stereotypisk for korleis schizofrene ofte blir framstilt på film, med andre ord. Like sjangertru går Fridrik Thór til verks på den evige tematikken kring kva normalitet eigentleg er. Saman med sine nye vener ser Páll både heimbyen sin og sitt eige liv på ein ny måte. Denne filmen vil ikkje redefinere mentalpasient-filmsjangeren. Men den freistar iallfall å tilnærme seg problemstillinga med ei forståing av at ei alvorleg psykisk liding ikkje er noko ein kan bli kurert for gjennom små grep. Ei slik vedkjenning kan sjølvsagt gjere historia mindre egna for filmmediet. Filmen sterkaste uttrykk ligg ikkje i sjølve historia, men snarare i ramma rundt. Filmmusikken til Hilmar Örn Hilmarsson og Sigur Rós ligg heile tida på grensa til det svulstige, men fell akkurat ned på den rette sida. Også på det visuelle planet nærmar Fridrik Thór seg det pompøse, men ved å skape ein medviten heilskap i billedkomposisjonen og lydsporet oppnår regissøren å skape ei ramme rundt historia som distanserer filmpublikummet frå hovudpersonen. Dette understrekar den introverte tematikken, der heller ikkje filmpublikummet er i stand til å trengje inn i hovudet til protagonisten. Filmen er alt i alt ein ærleg freistnad på å ta på alvor konsekvensane av psykiske lidingar. Først og fremst vil filmen likevel bli hugsa for lydsporet og ramma kring sjølve historia.
Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.