Film

Havet, Baltasar Kormákur, Island 2002

Havet Etter slackerkomedien 101 Reykjavik (2000, sjå eigen omtale) følte regissør Baltasar Kormákur tydelegvis eit behov for å gå i ei heilt anna retning. Med Havet går Baltasar så langt bort frå hovudstaden og nattklubblivet som det er mogleg å gå. Men kan ein lage god film av islandsk fiskeripolitikk? På eit forblåst nes ein stad på Island kallar familieoverhovudet Thordur saman borna, og fortel at familieverksemda er i fare. Han er for gammal til å drive fiskefabrikken vidare, og treng yngre krefter til å overta. Dessutan kastar næringa lite av seg, fordi konkurransen frå dei svære industrifiskebåtane frå Reykjavik er så sterk. Dette kunne vore ei historie om ein einstøings kamp mot kynismen som moderniteten fører med seg, som ein slags Isak-skapnad frå "Markens grøde". Slik er det ikkje. Thordur er ein bakstrevar som står for eit tankegods som ikkje har noka framtid. Borna hans er sjølvopptekne, mislukka kunstnarar som ikkje kunne drøyme om å flytte tilbake til landsbygda. Slektstemnet endar slik slektstemne ofte gjer på film: Den gode stemninga etter ankomst forsvinn etter kvart som alkoholinntaket aukar. Under overflata verkjer mørke løyndomar og vondt blod, og grumset kjem gradvis fram. Etter kvart er det eit spørsmål kinopublikummet ikkje kan unngå å stille seg: "Fortener eigentleg nokon av desse karakterane min sympati?" Det er mogleg at det var Shakespeares "Kong Lear" som banka i umedvitet til regissøren då han laga manuset til denne filmen. Baltasar har iallfall ei lang karriere som teaterregissør bak seg, og er uteksaminert frå teaterskulen på Island. Felles for både "Kong Lear" og Havet er iallfall historia om patriarken som kallar tilbake sine tre avkom for å finne ein verdig representant til å ta over den skakkøyrde familieverksemda. Sjølv avviser Baltasar at han hadde ”Kong Lear” i tankane då han skreiv manuset. For oss nordmenn er det umogleg å ikkje leggje ekstra merke til Sven Nordin. Her gjer han ei glimrande rolle som den kua ektemannen til kunstnardottera til Thordur. Islandsken til Sven Nordin er dessutan verdt inngangspengane i seg sjølv. Med ein norsk aksent tjukkare enn Petter Solbergs fekk Nordin kultstatus på Island, og blir vel for eit komisk sidekick å rekne i denne filmen. Filmen er ispedd enkelte andre komiske element óg. Det kan trengast, for filmens tematikk er beksvart.
Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.