Film

101 Reykjavik, Baltasar Kormákur, Island 2000

101 Reykjavik Denne filmen sklei rett inn i myta om hippe Reykjavik då han vart lansert. Rett etter årtusenskiftet vart med eitt den forblåste fiskerismåbyen "The place to be". Ein av kjendisane som kasta seg på hypen var Damon Alborn; Blur-vokalisten tykte kafé/disko/nattklubben Kaffibarinn var så kul at han berre måtte kjøpe aksjar i den. Og The Face-journalistane sat på kontora sine i London og drøymde seg til Laugarvegur, den einaste gata på Island med butikkar på begge sider av vegen. I filmen møter vi Hlynur, ein slacker med sterk morbinding. Hans definisjon av ein god dag er å sove til klokka fire, kike litt på porno, og etter kvart rusle ned på puben – Kaffibarinn, sjølvsagt. Han har ikkje klart å kome seg nokon stad i livet, og har heller ikkje ambisjonar om det. Livet på guterommet heime hjå mor held lenge for han. Forviklingar er likevel ikkje til å unngå når Hlynur set unge på ein fyrrig flamencoinstruktør frå Spania. Danserinna er nemleg kjærasten til mora til Hlynur, og flyttar inn saman med Hlynur og mor hans. Hlynur er spelt av Hilmir Snær Gudnason, som og spelte hovudrolla i Havet og Universets engler (sjå eigne omtalar). Av desse tre rolletolkningane er det særleg her i 101 Reykjavik Hilmir briljerer. Hans rollefigur er ein usympatisk latsekk som er generelt udugeleg på alle områder i livet. Trass oppførselen til Hlynur, held antihelten på kinopubilikummet sin sympati. Hilmir klarer å la det skine igjennom at Hlynurs adferd er utløyst av ei frykt for ansvar og endringar, og oppførselsen til Hlynur vert som ei forsvarsmekanisme å rekne. Lydsporet i filmen kjem frå islandsvenen Damon Alborn og eks-Sugercubesen Einar Örn Benediktsson. Som ramme rundt det islandske nattklubblivet er musikken perfekt. Utanom Alborn har regissør Baltasar fått utanlandsk hjelp frå Victoria Abril. Abril er mest kjend frå Pedro Almodovars Bind meg! Elsk meg! (1994), og hennar medverkning opna filmen for eit større internasjonalt marked. Filmen vart synt på ei rekkje festivalar både i Europa og i Sør-Amerika, og var nominert til fleire prisar. Størst merksemd fekk sjølvsagt regissør Baltasar Kormákur, som gjorde ein sterk regi-debut med denne filmen.
Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.