Film

Alt om min mor ( Pedro Alomodòvar 1999 )

Pedro Almodóvar var på ein måte litt passé. Gjennom heile åttitalet hadde han fora kinopublikum med det eine satiriske, småperverse melodramaet etter det andre, sprudlande av galskap, situasjonskomikk og lidenskap. Men så stoppa det opp, friskheita forsvann. Den pastisjaktige leiken vart bytta ut med meir seriøst drama, utan at Almodóvar syntes å finne den riktige miksturen. Om heile nittitalet var prega av famling og eksperimentering frå Spania sin skytsengel for transvestittar og sexfikserte narkokonsumerande nonner, så var metamorfosen definitivt verdt å vente på. Med Alt om min mor stemte brått alt, det viste seg at Almodóvar hadde visst kvar han skulle leite. For det er eit typisk Almodóvar-miljø som vert skildra også i denne filmen, folkesett av outsiderar. Men denne gongen er persongalleriet svært velutvikla. Karakterane i sentrum for handlinga eksisterer hundre prosent på alvor, og dette på eit bakteppe av ein leikande bruk av melodramaets handlingslinje. Alvoret og smerta som alltid har lagt der i botnen av sjølv dei mest outrerte filmane hans, skin her igjennom med ein overveldande eleganse og presisjon. Utgangspunktet for filmen er 17-åringen som slit med at mora aldri vil fortelje han kven den påståtte døde faren hans var. Då guten vert drepen i ei trafikkulykke, reiser mora for å leite opp barnefaren. Jakta fører ho tilbake til Barcelona, der ho umiddelbart oppsøker det transseksuelle miljøet og byrjar å spørje etter Lola, namnet faren no ber. ”Ekte autensitet består ikkje av å vere den ein er, men å lykkast i å likne mest mogleg på draumen me har om oss sjølve” kommenterer transvestitten Algrado i ein replikk som oppsummerer Almodóvar si særeigne tilnærming til både filmen og livet i Alt om min mor. I filmen blandar Almodovar draum og røyndom, kunst og kvardag på ein slik måte at dei til sist blir uskiljelege. Hovudpersonane dyrkar stykke som Tennessee Williams’ ”En sporvogn til begjær” og filmen Alt om Eva (1950), og ikkje minst kvinneskikkelsane i desse. Tilbedinga er av ein slik grad at det tydeleg påverkar vala deira. Dei verkar i tillegg i like sterk grad inn på strukturen til sjølve filmen, endåtil tittelen. Alt om min mor er ein både rørande og morosam hyllest til kvinner generelt, mødre og melodramaets dronning Bette Davis spesielt. Almodóvar sjølv seier i ei noko provokativ utsegn at eit hovudtema i filmen er kvinner sine evner til å førestille seg, improvisere og lyge. Dette er likevel ikkje særleg negativt meint, snarare peikar han på at slike usanne konstruksjonar ofte kan vere nødvendige sjølv om dei stundom treng å naustast opp igjen.
Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.