Film

Piken fra fyrstikkfabrikken (Aki Kaurismãki 1989)

To av haustens filmar på Cinemateket USF tek utgangspunkt i kvinner som arbeider ved samlebanda på fabrikkar. Der stoppar likevel all likskap, for i motsetning til den optimistiske Björk-figuren i Dancer in the Dark (sjå eigen omtale), så finn Iris frå fyrstikkfabrikken, i Kati Outinens velkjente figur, absolutt ingen glede eller inspirasjon for fantasien i det gørr kjedelige arbeidet sitt. Engasjementet er på sitt definitive låggir, ho gidd ikkje ein gong å snakke. Det tek heile femten minutt før det første ordet i Piken fra fyrstikkfabrikken vert ytra. Den verbale diskursen tek seg ikkje nemneverdig opp seinare heller, om filmen sitt manus utelukkande hadde bestått av dialog ville det fint ha fått plass på ei enkelt A4-side. Når folk først opnar opp munnen lirer dei helst av seg mishagsytringar og lakoniske kommentarar. Ein forstår eigentleg kvifor Iris heldt kjeft, det å snakke er likestilt med å få negativ respons. Filmen vert dominert av Outinen sitt gjennomført triste ansiktsuttrykk, som nesten ikkje endrar seg filmen igjennom. For det er kroppsspråket og den tablåaktige biletkomposisjonen, ikkje orda, som er vesentleg i filmen. Iris bur heime hjå den griske mora og stefaren, som ho betaler ei skyhøg husleige til. Ei illustrerande scene på korleis samlivet mellom dei tre fungerer får me tidleg: Den lange middagsscena glir fram i total stille, og måltidet sitt dramaturgiske høgdepunkt er når faren tek opp vatndunken frå golvet, heller i glaset sitt og set dunken på plass igjen. Det trøysteslause livet til Iris synes å få eit oppsving når ho ein dag bestemmer seg for å kjøpe ein raud kjole og går på dans om kvelden. Her treffer ho ein framand, og utan at det vert ytra eit ord tek han ho med seg heim. Neste morgon viser det seg likevel at han ikkje er ute etter noko langvarig forhold. Iris freistar så godt ho kan å overbevise han om at han tek feil, men innser etter kvart at håpet ikkje har grobotn i røyndomen. Gravid, og med utelukkande negative tilbakemeldingar frå menneska som omgjev ho, viser Iris likefullt at ho i alle fall ikkje er handlingslamma og at ho med hjelp av litt rottegift er klar for å ta fleire med seg i fallet. Den overdrivne dysterheita i Piken fra fyrstikkfabrikken gjer at filmen vert liggjande berre ein hårsbreidd unna komedien. Men latter kjem berre til overflata som ørsmå luftbobler, for filmen lettar aldri på det dystre sløret. Den er gjennomført konsekvent i sin tristesse, men gje-faen haldninga til Iris smittar over og gjer filmen engasjerande på ein nesten uforklarleg måte.
Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.