Film

Calamari Union ( Aki Kaurismãki 1985 )

Finland er ikkje for pysar. Du køddar ikkje med folka som dagleg konsumerer kaffi i spannkvanta, pussar tennene i koskenkorva og har eit språk det er umogleg å lære med mindre du har det i blodet i minst fire generasjonsledd - og som likevel har meir peiling på design og teknologi enn vi nordmenn nokon gong kjem til å få. Aki Kaurismäki er erkefinnen som hyllar alle fordommane vi skandinavar og europearar likar å klistre på dei stakkars finnane. Kanskje ikkje så rart ein del moderne finnar slett ikkje kjenner seg att i hans versjon av den finske røyndommen. Medan urbane finnar nok helst hadde sett Kaurismäki anten slutta å drite ut Finland, eller laga meir realistiske framstillingar av det moderne høgteknologisamfunnet borte ved russargrensa, kan vi nordbaggar med denne filmen nok ein gong kose oss med dei sedvanleg stiliserte harry-pekkaene regissøren dreg fram frå skinnvesten. I Calamari Union har 18 steinharde rockarar sett seg leie på den grå, skitne bydelen dei soknar til. Væpna med beksvarte solbriller og tunge skinnjakker set dei kursen mot Eira. I motsetnad til den dystre bydelen dei forlet, er Eira ein reint paradisisk stad: fredeleg og idyllisk lokalisert ved sjøen. Men for å kome seg dit må dei gjennom downtown Helsinki. I dei nådelause sentrumsgatene, der den beksvarte natta kvilar trykkjande over dei lyssky karakterane, vert gruppa sakte tynna ut. I konfrontasjon med valdelege menn, farlege kvinner, brune pøbbar og dårleg øl, fell fleire og fleire ifrå medan vennskapet og banda innad i Calamari-unionen smuldrar vekk. Til slutt er det berre eit par stykke som kjem fram til det endelege målet for ekspedisjonen. Også desse sjelene får seg ei ublid overrasking. Filmen er spekka med referanser til andre filmar. Kaurismäki har aldri lagt skjul på at han ser opp til Jean-Luc Godard. Surrealismen som pregar denne filmen har klare parallellar til det franske geniets 60-talsfilmar. Kaurismäkis surrealisme er dog langt meir fåmælt, og kjenslene kjem meir fram gjennom lydsporet enn i dialogen. Sytten av dei atten personane i gruppa heiter Frank, utan at vi får noko forklaring på dette merkelege samantreffet. Den attande heiter Pekka, og seier stort sett berre ”Are you talkin’ to me” i ein dårleg De Niro-imitasjon. Vi får også eit glimt av regissøren sjølv i ein cameo: bak rattet på ein svær likbil. Filmen er laga utan eit verkeleg manus, og scenene er i stor grad improviserte. Sjølv er ikkje regissøren altfor nøgd med filmen. Han anser den for å vere relativt dårleg, og kanskje var det fylla som hadde skylda. Han har iallfall uttalt at: ”Calamari Union was the first and last film I made either being drunk or having a hangover." Likevel har filmen mange høgdepunkt, blant anna den aller første opptredenen til gutane som seinare skipa kultrockegruppa Leningrad Cowboys. Men framtida til denne gruppa er ei anna historie (Leningrad Cowboys go America, sjå eigen omtale).
Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.